Plana er at løa skal innehalde ein kafé, gardsbutikk og eit galleri. Kansje kan vi drive litt pubdrift av og til..?! :) Lokala kan og nytta som festlokale om nokon skulle trenge det. Vi er hardt ramma av revykulturen her og kansje vil det bli arrangement som gjennspeglar det. Vi veit I allefall at vi kjem til å ha bruk for ei scene!
I tillegg er det planlagt ein tursti rundt på eigendommen der publikum får oppleve dyra og den fine naturen her.
Vi har mange planer og det er vanskelig å vete kvar ein skal starte. Men vi har kom fram til at vi må prioritere kafeen inne I løa. So får vi ta eit skritt om gongen!
Dette blir kjekt!
Velkommen til oss! Jakobsgarden er ein gard i Tresfjord som etter år med nedlagt drift no vaknar til liv att! Her kan du følge med på stort og smått som går for seg på Jakobsgarden og vegen fram mot oppstart av opplevelsesgard med alt det måtte innebære. kjekt om de vil følge oss!
tirsdag 21. juni 2016
klør I fingrane etter å starte!
Endelig sommarferie! Og vi har fullt av planer!
Her kan vi ikkje ligge på latsida.
Heile løa må tømmast før vi kan begynne.
So vi veit kva vi har å gjære...
😂
fredag 17. juni 2016
Ei spanande tid i møte! No skal draum verte verkeleg!
Vi har i 7 år planlagt, ombestemt oss, planlagt på nytt, tenkt og fundert, blitt litt småsprø, planlagt litt til, vore i møter her og der og no bestemt oss for å satse!
Og vi håpar at om ikkje lenge kan vi starte på draumen om å drive besøksgard.
Ein stad for opplevingar på forkjellige vis.
Med kafe, gardsbutikk og galleri. Samt opplevingar med dyr på garden.
Vi vil kaste oss ut i turistnæringa i tillegg til ordinær gardsdrift.
Vi har ein veg å gå, men er no klare til å starte på arbeidet.
Kor lang tid det tek, og når vi kan opne for publikum, det veit vi ikkje enda.
Men fram til då er du velkomen til å følge oss på bloggen!

Abonner på:
Innlegg (Atom)