søndag 18. juni 2017

Når ting tek litt lengre tid enn ein har tenkt...

Ting går ikkje alltid som planlagt, iallefall ikkje so fort som ein skulle ynskje.
Men planer og draumar skal ein ikkje gje slepp på.

I februar møtte vi på bondens værste mareritt! 
Saufjøset står I full fyr og vi står hjelpeslause attende å må sjå at det brenn ned utan å kunne redde ut sauene som fortsatt befinner seg inne.
Tårene trillar og fortvilelsen sprer seg likeeins som flammene reiser med det vi var I ferd med å bygge opp.
Vi mista 39 sauer I brannen.
Berre 8 overlevde. 
Vekene som følgde var tunge og må innrømme at vi vart ganske so tiltakslause. 
Men etterkvart gjekk det betre.
Vi kunne begynne å glede oss over at dei sauene som overlevde skulle lamme snart. 
Vi fekk 12 lam. Sjølv om vi hadde rekna med å kansje få 50-60, so vart det iallefall nokre.

No har lamma og mødrene kosa seg på beite heime og I dag har dei komt seg på sommarferie på fjellet!  
For ein god følelse! 

No er fokuset vårt på å få opp ny fjøs til hausten.
Det gler vi oss mykje til.
Og sjølvsagt,  vi ventar og på ein liten venn som skal komme innan nokre veker. So vi har mykje å glede oss til i sommar. 
Og mykje arbeid. ..men det blir bra! :)

Kafé/pub og besøksgard er ikkje lagt på hylla, men no må vi få til fjøset først. 
So kjem det litt etterkvart. 
Vi har mykje vi vil få til her på Øvstedalen vår!
Spreke Bendik har følgt sauene til fjells Saman med pappa, besten og onkel.




tirsdag 10. januar 2017

Tida framover

Mange spør kor det går og om vi har komt langt I prosessen. Folk sei dei gler seg til å besøke oss på garden når vi opnar.
Dette synes vi er veldig kjekt også motiverende.
Den beste julegåva vi fekk var at vi fekk 50000 kr I støtte frå kommunen.  Desse må vi bruke I år. So når det vårast får vi begynt med litt  ting som vil vise. No har vi brukt tid på papirarbeid og å legge planer.
No har det seg slik at vi er under lykkelige omstendigheter. So det vert ikkje oppstart I sommar. Men vi jobbar på so kansje vi kan starte opp med litt mindre aktivitetar.
Vi har veldig lyst til å tilby eit fritidsopplegg for born. Vi vil starte opp dyreklubb, der bona ein gong I veka får bli med på fjøsstell og kose seg med dyra. Elles har vi mange planer, men dei kjem etterkvart. Gler oss berre til å ta fatt på jobben.
Tusen takk til alle som heiar på oss.

tirsdag 21. juni 2016

Kva ynskjer vi å tilby?!

Plana er at løa skal innehalde ein kafé,  gardsbutikk og eit galleri. Kansje kan vi drive litt pubdrift av og til..?! :) Lokala kan og nytta som festlokale om nokon skulle trenge det. Vi er hardt ramma av revykulturen her og kansje vil det bli arrangement som gjennspeglar det. Vi veit I allefall at vi kjem til å ha bruk for ei scene!
I tillegg er det planlagt ein tursti rundt på eigendommen der publikum får oppleve dyra og den fine naturen her.
Vi har mange planer og det er vanskelig å vete kvar ein skal starte. Men vi har kom fram til at vi må prioritere kafeen inne I løa. So får vi ta eit skritt om gongen!

Dette blir kjekt!

klør I fingrane etter å starte!

Endelig sommarferie!  Og vi har fullt av planer! 
Her kan vi ikkje ligge på latsida.
Heile løa må tømmast før vi kan begynne. 
So vi veit kva vi har å gjære...
😂 



fredag 17. juni 2016

Ei spanande tid i møte! No skal draum verte verkeleg!

Vi har i 7 år planlagt, ombestemt oss, planlagt på nytt, tenkt og fundert, blitt litt småsprø, planlagt litt til, vore i møter her og der og no bestemt oss for å satse!
Og vi håpar at om ikkje lenge kan vi starte på draumen om å drive besøksgard.
Ein stad for opplevingar på forkjellige vis.
Med kafe, gardsbutikk og galleri. Samt opplevingar med dyr på garden.
Vi vil kaste oss ut i turistnæringa i tillegg til ordinær gardsdrift.
Vi har ein veg å gå, men er no klare til å starte på arbeidet.

Kor lang tid det tek, og når vi kan opne for publikum, det veit vi ikkje enda.
Men fram til då er du velkomen til å følge oss på bloggen!