Men planer og draumar skal ein ikkje gje slepp på.
I februar møtte vi på bondens værste mareritt!
Saufjøset står I full fyr og vi står hjelpeslause attende å må sjå at det brenn ned utan å kunne redde ut sauene som fortsatt befinner seg inne.
Tårene trillar og fortvilelsen sprer seg likeeins som flammene reiser med det vi var I ferd med å bygge opp.
Vi mista 39 sauer I brannen.
Berre 8 overlevde.
Vekene som følgde var tunge og må innrømme at vi vart ganske so tiltakslause.
Men etterkvart gjekk det betre.
Vi kunne begynne å glede oss over at dei sauene som overlevde skulle lamme snart.
Vi fekk 12 lam. Sjølv om vi hadde rekna med å kansje få 50-60, so vart det iallefall nokre.
No har lamma og mødrene kosa seg på beite heime og I dag har dei komt seg på sommarferie på fjellet!
For ein god følelse!
No er fokuset vårt på å få opp ny fjøs til hausten.
Det gler vi oss mykje til.
Og sjølvsagt, vi ventar og på ein liten venn som skal komme innan nokre veker. So vi har mykje å glede oss til i sommar.
Og mykje arbeid. ..men det blir bra! :)
Kafé/pub og besøksgard er ikkje lagt på hylla, men no må vi få til fjøset først.
So kjem det litt etterkvart.
Vi har mykje vi vil få til her på Øvstedalen vår!
Spreke Bendik har følgt sauene til fjells Saman med pappa, besten og onkel. |